Stundom spør ein:
Kan ein eiga eit anna menneskje?
Når to møtest
i hug og hold
og kjenner seg eitt
so ikkje anna er te-
kjenner seg eitt
i eit augnekast,
i eit lite ord,
i ein tanke,
i hugskot
som fer som kornmod
ivi blømande engjir-
kjenner seg eitt
i det ein aller nevner
men som er som svalande regn
for solbrend mold.
i hug og hold
og kjenner seg eitt
so ikkje anna er te-
kjenner seg eitt
i eit augnekast,
i eit lite ord,
i ein tanke,
i hugskot
som fer som kornmod
ivi blømande engjir-
kjenner seg eitt
i det ein aller nevner
men som er som svalande regn
for solbrend mold.
Når to hev einannan
slik at ikkje anna var te,
slik at dei kjende seg sterkar enn alt
og veikar enn alt,
skjønna berget, so mjuk han er-
Og stend einsmalle att.
Er ein da einsmall?
Er ikkje då det andre men`skje med
i kvar rørsle ein gjer?
Ja, kan ein då noko sinn bli einsmall att?
slik at ikkje anna var te,
slik at dei kjende seg sterkar enn alt
og veikar enn alt,
skjønna berget, so mjuk han er-
Og stend einsmalle att.
Er ein da einsmall?
Er ikkje då det andre men`skje med
i kvar rørsle ein gjer?
Ja, kan ein då noko sinn bli einsmall att?
Når to gjev seg til
kvarandre,
og dei stend einsmalle att
kjem det ein stri
i hugen,
i holdet
om det å eiga
og det å vera fri.
og dei stend einsmalle att
kjem det ein stri
i hugen,
i holdet
om det å eiga
og det å vera fri.
For enno er men`skje
bundne
og veit ikkje kva ein sei
når dei kviskrar til kvarandre:
eg elskar deg.
og veit ikkje kva ein sei
når dei kviskrar til kvarandre:
eg elskar deg.
Fyrst dei hev sagt ordet
rymer dei
som for ein brand dei hev sett på.
rymer dei
som for ein brand dei hev sett på.
Fyrst når to men`skje kan
sei til kvarandre:
Gå der du vil,
du er du!
Gjer det du vil,
eg er eg-
Gå der du vil,
du er du!
Gjer det du vil,
eg er eg-
Men eg ser vegen din
og eg lyder etter fotefari dine
og eg kjenner din vilje
strøyme gjennom blodet
i javne, rolege pulsslag-
og eg lyder etter fotefari dine
og eg kjenner din vilje
strøyme gjennom blodet
i javne, rolege pulsslag-
Fyrst då kan to men`skje
eiga kvarandre.
Aslaug
Vaa (1889-1965)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar